Men Marit Warncke blir ikkje ein ny Trude Drevland eller Herman Friele.
Nå nettopp
Onsdag ettermiddag fekk Bergen ny ordførar. Høgres Marit Warncke kunne ikle seg ordførarkjeda og ta plass i høgsetet i gamle rådhuset.
Å vere ordførar i Bergen er annleis enn å vere ordførar i dei fleste andre kommunar.
Bergen har byparlamentarisme, og det er byrådet som har ansvaret for styringa av kommunen. Ordføraren skal ikkje fronte partipolitikk.
Ordføraren i Bergen har i hovudsak to oppgåver: Å leie bystyremøte og vere ein ambassadør og representant for heile byen.
Ei gjev rolle, berre ikkje i faktisk makt.
Likevel har det vore ekstremt viktig for Høgre å få denne rolla tilbake etter åtte år med Arbeidarparti-ordførar.
Å sikre eit fleirtal bak ordførar Warncke var eit av argumenta som vog inn då Høgre utførte den berømte snuoperasjonen i bybanesaka.
Les hele saken med abonnement