BT har rydda i arkivet og prøver å pusta liv i gamle saker. Vi ser framover.
Nå nettopp
I BT 28. september skriv kommentator Hans K. Mjelva om Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet og «Havbyen Bergen». Han målar fram renkespel, kjepphestar og kulissar med nordlendingar og gamle og nye sjefar i sentrale roller.
Underhaldningsverdien er høg, men dramaet byggjer på utdaterte saker – dermed er det heller lite å læra. Så la oss stå i notid.
Les også
Hans K. Mjelva: «Nordlendingar skapar panikk i kulissene i Bergen»
Havet har aldri vore viktigare – det angår oss på alle plan. Kvar dag arbeider dedikerte tilsette i Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet med å svara opp viktige spørsmål. Interessekonfliktane på og langs kysten står i kø. Berekraftig sameksistens er nøkkelen, men vegen dit er ikkje gitt.
Ute i havet er det også trongt om plassen – nye og tradisjonelle næringar skal eksistera side om side samstundes som naturkrisa og klimakrisa trugar dei marine økosystema.
Bergen og omlandet er det marine tyngdepunktet i Noreg. Kor om ikkje her kan vi løysa desse utfordringane? Lukkast Vestland, så lukkast Noreg, for å bruka statsminister Jonas Gahr Støres ord.
«Havbyen Bergen» er i dag oppe og går med eige sekretariat og klare mandat og ambisjonar. Havforskingsinstituttet og Universitetet i Bergen har signert fleire samarbeidsavtalar og står skulder ved skulder. På Dokken er tomtevalet opp og avgjort, og planlegginga av nytt, felles bygg for Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet er godt i gang.
Vi minner om at Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet ikkje skal slåast saman, vi skal samlokaliserast. Det er ein vesentleg skilnad.
Havet fortener all den merksemd det kan få. Vi har verken tid til eller grunn for lokale drama og dragkampar. Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet har viktige nasjonale og globale samfunnsoppdrag, det er der vi legg energien vår.